Bjørkelibakkane

BjørkelibakkaneBjørkelibakkane er eit nytt og moderne hoppanlegg som er ein del av Nordfjord Fritidssenter. Dersom du ein vinterkveld kjem med fly mot Sandane Lufthamn eller med bil over Utvikfjellet kan du sjå det opplyste anlegget ca 600 m.o.h. på Nordsida av Nordfjorden.

Hoppanlegget har heile fem bakkar i storleikar frå 15 til 90 meter. Dette er Sogn og Fjordane sitt fylkesanlegg for hoppsport, eit anlegg som har fått svært god omtale både frå leiarar og aktive.

Gjennom ein utbyggingsperiode på 15 år har anlegget vokse fram ved hjelp av spelemidlar og med kommunal innsats når det gjeld vegframføring og parkering. Men det mest imponerande er likevel dugnadsinnsatsen frå ein trufast gjeng mellom dei vel 400 innbyggjarane i Idrettslaget Veten sitt geografiske område.

Klikk her for arenakart

Meir om Idrettslaget Veten her