|
Vår, sommar og haust |
I området rundt Nordfjord Fritidssenter kan du oppleve mykje når snøen er fråværande. Fjellturar, fiske, bærplukking m.m. Her finn du eksempel på aktivitetar som vi kan organisere for deg under ditt opphald hos oss. Du kan også få leige villmarksleiren med gapahuk og mykje meir.Fjellturar På nordsida av indre Nordfjord er fjellandskapet roleg og vidt, og ein har fantastisk utsikt over regionen. I kombinasjon med fjellturen er det mogleg å hauste av naturen, og ein finn både blåbær, tyttebær og multe på rette årstida. Det fins mange støylar over bygdene, og desse er populære turmål. Det er viktig å vise varsemd når ein ferdast i naturen, og hugse på fjellvettreglane. Kulturhistoriske vandringar Kulturløypa ligg i nærleiken av senteret. Her kan ein oppleve mellom anna Kvernhusdalen med sju restaurerte kvernhus langs elva Ulva. Sti også til Vetestova (ei 1000 år gamal vakthytte frå tida med vetar og vardevakt). Unik sjøveg til gamalt naustmiljø ved Bergset- og Sølvbergnausta. Likeeins fine stiar til sætrane i området. Fiske og jakt Aust for senteret, ved Ulvedals-tjønna, er det anlagt fiskeplassar tilpassa handikappa/rullestolbrukarar. Det er også mogeleg å gå på jakt. SyklingBane for offroad-sykling og skogsvegar er noko av tilbodet for fysisk aktivitet. Guidefirmaet Bergtatt Stryn tilbyr guida sykkelturar. Rappellering I området rundt senteret er det mogleg å prøve rappellering, der ein blir fira ned ein fjellvegg. Det er spanande å kjenne lufta under fjellskoa. Kanopadling I Ulvedalstjønna er det mogleg å padle kano. Senteret har 16 kanoar tilgjengeleg. Riding Fjordingar kan leigast for rideturar i området. ![]() Tur til Tvinnefossen Ein kan gå bak denne fossen og sjå Nordfjorden gjennom vassmassane. I gamle dagar frakta ein husdyr bak denne fossen, på veg ned til fjorden. Merk at ein del av desse aktivitetane krev eit minimumsantal av deltakarar. Ta kontakt for meir informasjon og pristilbod. |


I området rundt Nordfjord Fritidssenter kan du oppleve mykje når snøen er fråværande. Fjellturar, fiske, bærplukking m.m. Her finn du eksempel på aktivitetar som vi kan organisere for deg under ditt opphald hos oss. Du kan også få leige villmarksleiren med gapahuk og mykje meir.
Sykling