Pedagogisk opplegg i Briksdalen

Padling på Briksdalsvatnet © Per Helge Bø
Padling på Briksdalsvatnet
Per Helge Bø
Elevar frå Øyra skule og Mork skule på Briksdalsvatnet hausten 2007.
Briksdalen ligg like under Jostedalsbreen, og delar av dalen ligg i Jostedalsbreen Nasjonalpark.

Frå leirskulen tek det omlag ein time med buss eller personbilar, dersom foreldrene kjører på fredagen. Vi startar dagen med å gå opp til Briksdalsbreen, og her får elevane padle i store gummibåtar blant kalvingsis frå breen. Undervegs får elevane eit innblikk i korleis breen har endra storleik pga. klimaendringar. Under den vesle istida låg breen over ein km lengre nede i dalen. Dette påvirka levekåra for folket nede i Oldedalen. Og vi fortel historia om Hugleik Tungøen, som fleire gongar på 1600- og 1700-talet måtte reise til kongen i Køpenhavn for å prøve å få satt ned skattane til bøndene grunna øydelagde avlingar.
Framfor breen ser ein endemorener, skuringsstriper og rundsva, som er forma av breen.


Etter padleturen på Briksdalsvatnet, reise ein ned til Aktivitetsparken ved Briksdal Fjellstove. Her nyttar vi nokre av elementa som parken har å by på:

TROLLSPRANGET, som er ein over 100 m lang løypestreng (vert berre nytta ved opplegg siste leirskuledagen (fredag)
APEBRUA, som er ei krevjane og gjyngande bru som elevane må over. Sikring med tau.
KJEMPESPRANGET, der elevane må kaste seg ut frå ein omlag 5 m høg avsats. Sikring med tau.
KASSESTABLING under klatretårenet.
ØKSEKASTING under trygge forhold.
BOGESKYTING

Apebrua i Aktivitetsparken ved Briksdal Fjellstove © Briksdal Adventure
Apebrua i Aktivitetsparken ved Briksdal Fjellstove
Briksdal Adventure
Kjempespranget i Aktivitetsparken ved Briksdal Fjellstove © Briksdal Adventure
Kjempespranget i Aktivitetsparken ved Briksdal Fjellstove
Briksdal Adventure
Klatretårnet i Aktivitetsparken ved Briksdal Fjellstove © Briksdal Adventure
Klatretårnet i Aktivitetsparken ved Briksdal Fjellstove
Briksdal Adventure
Under klatretårnet i Aktivitetsparken ved Briksdal Fjellstove © Briksdal Adventure
Under klatretårnet i Aktivitetsparken ved Briksdal Fjellstove
Briksdal Adventure

Turen til Briksdalen vil medføre ekstrakostnad for den besøkande klassen. Sjekk pris her.

Vår erfaring: Enkelte klassar har nytta foreldre til å transportere elevane til Briksdalen siste leirskuledagen. På denne måten har ein fått ned transportkostnadane for dette opplegget. Opplegget "under breen" er godt motteke av skular som har nytta tilbodet.