Utandørs

Både sommar- og vinter er her rike mogelegheiter for aktivitetar rundt Nordfjord Fritidssenter.

Tur til nakkjen

Vinter
Nordfjord Fritidssenter ligg 500 m.o.h., og har stort sett stabile snøtilhøve gjennom vinteren. Her er det eit godt utbygd løypenett til støylane i nærleiken og til Nosakleiva. Dei sprekaste tek turen opp til Bergsetnakkjen (1133 m.o.h.). I påska arrangerast Nakkjen ned og Holmøyskarrennet.

Vi har eit lite barneskitrekk som er eit godt og rimeleg utgangspunkt for born å prøve seg i alpint. Mor og far kan ta seg ein skitur medan ungane leikar seg i snøen.
Løypene er oppkøyrde i vintersesongen og ypparlege for familieturar. Det er også andre aktivitetar som fins på vinterstid.

Vår, sommar og haust
I området rundt Nordfjord Fritidssenter er det mange tilgjengelege aktivitetar. Fjellturar, kulturattraksjonar, sykkelturar, kanopadling, rappellering og mykje meir. Dersom ein ikkje vil gå opp på fjellet, kan ein gå ned til sjøen. Bergset og Sølvbergsnausta er eit idyllisk område med restaurerte naust og småhus. Det er også kortare turmål rundt senteret og eit godt utbygd skogsvegnett, der ein kan ta med barnevogn eller sykkel på tur. Fiskevatn i Ulvedalsdemma.
Les meir


Med bil
Å ta seg ein tur langs Panoramavegen er eit must når ein besøkjer Nordfjord fritidssenter. Besøk bygdene Blakset, Fjelli og Randabygda. Stopp på galleri AdFontes i 2.høgda på CoopMarked Fjelli eller ta ein tur innom Åsekråa. i Blakset og i Randabygda er det fruktgardar der ein kan få smake og få kjøpt frukt direkte frå bonden. Stopp på eit av dei mange utsiktspunkta langs vegen.