Nordfjord Fritidssenter ligg 500 meter over havet i flotte naturomgjevnader. IL Veten har sitt klubbhus og idrettsanlegg her og vi er vertskap for Stryn Leirskule. Det er kort veg ned til sjøen og opp på fjellet. Ta med familien, gode vener eller laget eller foreninga di. Våre fasilitetar passar til store og små grupper som ønskjer rimeleg overnatting og aktiv fritid.
Turmoglegheiter og aktivitetar.
Ta turen ned dei bratte stiane som folk brukte som ferdselsåre ned til sjøen før i tida, ned til det gamle, veglause naustmiljøet. Følg støylsvegane/-stiane til minst 7 ulike støylar, eller gå opp på Bergsetnakkjen 1133 m.o.h. Dei aller tøffaste kan gå ”storerunden”, ein dags vandring til alle dei høgaste fjella i området, m.a. Glitteregga 1297 m.o.h.
Overnatte under open himmel i gapahuken i villmarksleiren? Dei som likar ”action” kan prøve heksefloget eller rappellering. Kulturparken på Ulvedal er ei oppleving for dei kulturinteresserte, og smaken på brød frå bakaromnen må berre opplevast.
Hoppanlegg med heile fem bakkar i storleikar frå 15 til 90 meter, og mange km med oppkøyrde turløyper og lysløype.
Overnatting
I hovudhuset har vi nyoppussa familierom, opphaldsrom, garderobar og badstover. Vi har bygd ei ny, romsleg hytte for utleige. I tillegg har vi eit anneks med enkle rom. Felles dusj og WC. Total overnattingskapasitet rundt 60 sengeplassar. Du kan leige heile eller delar av anlegget. Om du ønskjer det kan vi ordne med program, mat og aktivitetar.