Storstova

Kafeteriaen i Vangenstova, med plass til 70-80 pers.

Hovudhuset har ein kafé med plass til ca 65 personar. Kafeen har ikkje faste opningstider, men er open på bestilling og i forbindelse med arrangement. Kjøkenet vårt er kjent for god mat.



I storstova kan vi stelle til selskap til dei viktige augneblinkane i livet: dåp, konfirmasjon, gravferd, runde dagar osv. Møter og kurs er også mogleg å arrangere. Godkjent kjøken der vi kan lage til maten, eller som de kan leige. Enkelte søndagar arrangerar vi søndagsmiddag/-kafe med god heimelaga tradisjonsmat.

Søndagsmiddagar blir annonsert i lokalavisa Fjordingen og på vår Facebook-side.

Ta kontakt for bestilling til arrangement eller selskap.