|
Vinterleirskule |
|
SKILEIK Elevane er sjølve med på å lage skileikarenaen (langrenn, hopp, "skiskyting", kular og staup) ISFISKE på Ulvedalsdemma dersom isforholda tillet dette. VARSLING AV KRIG I GAMLE DAGAR med besøk på Vetestova. FJELLSKITUR for dei sprekaste. Vi legg opp til skitur i rolegare terreng for dei som ønskje det. IGLOBYGGING Denne aktiviteten er ekte team-arbeid. Vi brukar ein ettermiddag til å bygge ein eller fleire igloar. Sjå skisse av konstruksjonen her. ![]() LANGRENN Teknikkar og smørjing. Tur. HOPP Vi har eitt av dei mest komplette hoppanlegga i landet (5 m - 90 m). Småbakkane er ei fin utfordring som kveldsaktivitet for dei dristigaste elevane. Bjørkelibakkane er eit nytt og moderne hoppanlegg. Hoppanlegget har heile fem bakkar i storleikar frå 15 til 90 meter. Dette er Sogn og Fjordane sitt fylkesanlegg for hoppsport. Les meir om bakkane her AKING Vi bygger bob-bane. Fart og spenning som ein seint vil gløyme. SLALOM OG TELEMARKSVINGEN I skileikarenaen får elevane trene på forskjellige svingteknikkar. ![]() RAPPELLERING Nedfiring i ca 10 m høg fjellvegg. Ein grensesprengane aktivitet som vert gjennomført under trygge forhold med kyndig instruktør (29 års erfaring). HEKSEFLOG er ein 80 m lang løypestreng som vi nyttar som avslutning på leirskuleveka. Dette er ein adrenalinproduserande aktivitet som elevane ser fram til å prøve. FJELLVETSREGLANE får elevane kjennskap til i løpet av leirskuleveka. Du finn desse her BÅLBRENNING med grilling og varm kakao vert det dei fleste dagane når vi er på tur. ![]() STJERNEHIMMELEN Dersom det vert klar kveldshimmel, vil vi bruke stjernekikkert for å sjå på planetar, galaksar (Andromeda) og dobbeltstjerner m.m. DISKOTEK Vi tilbyr diskotek som ein kveldsaktivitet. ANDRE KVELDSAKTIVITETAR: Bordtennis, små biljard, div. brettspel, kortspel m.m. ANDRE TILBOD: Dagstur til Stryn Skisenter. Kveldstur til Stryn symjehall UTSTYR Stryn Leirskule leiger ut turskipakke (ski, sko og stavar) for kr 100,- pr. veke. Elevane bør ha med følgjande utstyr: Utstyrsliste Last ned vekeprogram for vinterleirskulen her (pdf-fil). Sjå videosnuttar frå vinterleirskulen 2006 her! Kontakt oss på per.boe@stryn.kommune.no eller tlf. 900 777 34. |


Stryn Leirskule ligg 500 m o.h., og har difor stabile snøtilhøve. Vanlegvis vil ein kunne drive vinteraktivitetar frå desember til ut april. Ein har gode forhold for både langrenn, alpint, hopp og skileik. Løypenettet og terrenget er godt eigna til ski-aktivitetar på ulike nivå. Ein har alt frå handicapløype, med svært lite stigning, til utfordrande løyper for dei som meistar det. Ein del av løypenettet er utbygd med lys. Området kring hoppbakkane har også gode lysanlegg.

