Aktivitetshelg

Likar de litt ”action”, og det å oppleve noko nytt? Stryn Leirskule har ulike aktivitetar som vi kan tilpasse ei aktivitetshelg. Sommarhalvåret kan du vere med på rappellering, klatring, kano, downhillsykling, fjelltur og hekseflog. Vinterstid handlar alt om ski og toppturar, aking, iglobygging og isfiske. Og heile året er Villmarksleiren ein populær stad å vere. Ta med klubben din på ei innhaldsrik helg ved Nordfjord Fritidssenter.

Kanopadling i Ulvedalstjønna © Per Helge BøForslag til opplegg sommarhalvåret:

FREDAG:
Ankomst og innsjekk. Ei varm suppe og samling kring matbordet. Gjennomgang av programmet for helga. Etterpå kan vi reise ned til tjønna for kanopadling og samling rundt bålet.

LAURDAG:
Etter ein god frukost, møtast vi til dagens første økt: for eksempel ein topptur til Bergsetnakkjen (1133 m.o.h)? God mat og drikke må vi ha til lunsj, den kan vi innta på Bergsetstøylen. Etter lunsj går vi tilbake til senteret og slappar av eller spelar sandvolleyball. Ut på ettermiddagen går vi den korte turen inn til Villmarksleiren. Nokon som tør å prøve heksefloget? Felles middag kan vi lage på bålet. Nokon som ønskjer å overnatte ute i gapahuken?

Nakken © Magne KristiansenSØNDAG:
Vi et frukost og smører lunsjpakke. Etter frukost går ned til Sagedammen der vi kan fiske, bake i bakaromnen, rappellere eller padle i kano. Kan det smake med sjølvlaga lunsj frå bakaromnen før avreise?

Ta kontakt med oss for å diskutere kva opplegg de kan tenkje dykk. Her er mange moglegheiter og vi syr saman opplegget i lag med dykk.

Sjå prisar for leige av anlegget under "overnatting".

Vi kan mot eit tillegg i prisen ordne aktivitetar og mat, eller de kan ordne alt dette sjølv. Dersom de ønskjer fleire rom, har vi eit anneks som også er for utleige. Vil de ha fleire dagar, så kan vi ordne det også!

Last ned pdf her!