|
Kunsthelg |
|
Har de lyst til å lære meir om naturmåleri? Sitje ute i Nordfjord sin flotte natur og feste inntrykka på lerret? Eller likar de best å sitje innandørs? Her er fjord og fjell, bre og kulturlandskap, gamle bygningar og dyr. Vår lokale kunstnar, Magne Kristiansen, har lang erfaring som målar og kurshaldar. Ta med klubben din på ei innhaldsrik helg ved Nordfjord Fritidssenter. Eksempel på opplegg: FREDAGAnkomst og innsjekk. Ei varm suppe og samling kring matbordet. Gjennomgang av programmet for helga. Etterpå kan vi reise ned i eldhuset "Åsekråna", for kunst og kaffi ved grua. LAURDAG Etter ein god frukost, møtast vi til dagens første måleøkt. På førehand har vi vorte einige om kor vi skal hen og kva vi skal måle. God mat og drikke må vi ha til lunsj, enten de vel å smørje nistepakke, fyrer opp bålet eller tar lunsjen innandørs. Etter lunsj tek vi ei ny, god måleøkt før vi benkar oss rundt borda for ein betre middag i kveldinga. Ynskjer de litt underhaldning, kan vi foreslå lysbildeshowet ”Kallen og katten” av Jakob Sande og Magne Kristiansen.
For informasjon om Magne Kristiansen, sjå www.adFontes.no Skal du ikkje delta på kurset, men berre vere med? Då har vi rikeleg med turmoglegheiter i området rundt senteret. Ta kontakt med oss for å diskutere kva opplegg de kan tenkje dykk. Her er mange moglegheiter og vi syr saman opplegget i lag med dykk. Sjå prisar for leige av anlegget under "overnatting". Magne Kristiansen kan ha kurs i blyantteikning, tusj, akryl, akvarell og oljemåling. Last ned pdf her! |

FREDAG