Treningssamling - vinter

I langrennsløypaEi god og effektiv treningssamling krev at alt ligg godt til rette. Ønskjer de å finne på noko litt utanom det vanlege, og å jobbe litt med lagånden i tillegg til fysisk trening? IL Veten sitt idrettslanlegg på Nordfjord Fritidssenter har lysløype og hoppbakkar rett utanfor døra, og rimeleg overnatting for store og små grupper som reiser i lag. Ønskjer de å leige bygningar og område og ordne alt sjølv eller at vi skal ordne alt? Valet er dykkar.

Forslag til opplegg:

FREDAG
Ankomst og innsjekk. Ei varm suppe og samling kring matbordet. Gjennomgang av programmet for helga. Etterpå leik og moro, eller jobbe litt med lagånden?

LAURDAG
Etter ein god frukost, møtast vi til dagens første trening. Her er moglegheit for ski- og hopptrening med og utan instruktør. God mat og drikke må vi ha til lunsj, enten de vel å smørje nistepakke, fyrer opp bålet eller tar lunsjen innandørs. Etter lunsj er det rikelege moglegheiter for ein
topptur for dei som har lyst til det. Ynskjer de ein lettare tur, tilrår vi ein skitur til utsiktspunkta Rosetstøylen, Sølvbergstøylen eller Nos. Badstova er varm for dei som har lyst til det, før vi benkar oss rundt borda for ein betre middag i kveldinga.

SØNDAG
Etter frukosten rekk de ei treningsøkt til. Instruktør kan de ha med sjølv, eller vi kan ordne det. Etterpå vil det kanskje smake med ein lunsj før avreise?

Sjå prisar for leige av anlegget under "overnatting".

Vi kan mot eit tillegg i prisen ordne aktivitetar og mat, eller de kan ordne alt dette sjølv. Dersom de ønskjer fleire rom, har vi eit anneks som også er for utleige. Vil de ha fleire dagar, så kan vi ordne det også!

Last ned pdf her!