|
Revy, kunst og musikk i høgfjellet? |
Kanskje litt underhaldning på laurdagskvelden? Eller ønskjer de å lage noko sjølve i lag med ein dyktig instruktør? I bygdene våre bur både målarar, musikarar og revyentusiastar som kan bidra med både underhaldning og instruksjon. Ta med laget ditt på ei innhaldsrik helg ved Nordfjord Fritidssenter.Forslag til opplegg: FREDAG: Ankomst og innsjekk. Ei varm suppe og samling kring matbordet. Gjennomgang av programmet for helga. Etterpå kan vi reise ned i eldhuset ”Åsekråna”, for kunst og kaffi ved grua. LAURDAG: Etter ein god frukost, møtast vi til dagens første økt: for eksempel teatersport for å verte varme i trøya. God mat og drikke må vi ha til lunsj, enten de vel å smørje nistepakke, fyrer opp bålet i Villmarksleiren eller tar lunsjen innandørs. Etter lunsj kan vi dele oss inn i grupper og ha målekurs, dansekurs eller revykurs. Vi kan skaffe dyktige instruktørar. I kveldinga benkar vi oss rundt borda for ein betre middag. Underhaldning av og med deltakarane? SØNDAG: Etter frukosten kan vi ha ei kursøkt til. Viss veret tillet det, kan vi vere ute og måle landskap, eller finpusse på perler frå dagen før? Etterpå vil det smake med ein lunsj før avreise. Ta kontakt med oss for å diskutere kva opplegg de kan tenkje dykk. Her er mange moglegheiter, og vi syr saman opplegget i lag med dykk. Sjå prisar for leige av anlegget under "overnatting". Vi kan mot eit tillegg i prisen ordne aktivitetar og mat, eller de kan ordne alt dette sjølv. Dersom de ønskjer fleire rom, har vi eit anneks som også er for utleige. Vil de ha fleire dagar, så kan vi ordne det også! Last ned pdf her! |

Kanskje litt underhaldning på laurdagskvelden? Eller ønskjer de å lage noko sjølve i lag med ein dyktig instruktør? I bygdene våre bur både målarar, musikarar og revyentusiastar som kan bidra med både underhaldning og instruksjon. Ta med laget ditt på ei innhaldsrik helg ved Nordfjord Fritidssenter.