|
Vekeprogram vår/haust |
|
Gjennom leirskuleveka i Stryn får du vere med på ørrettfiske i Ulvedalstjørna eller i Nordfjorden, padling med kano og kajakk, matlaging og overnatting i Villmarksleiren. Vi har og spennande aktivitetar som rappellering og fjellklatring. Vi går fjelltur i den fantastiske naturen her, men ei enorm utsikt over fjord og fjell. Landskapshistorie og kulturhistorie er også ein viktig del av leirskuleveka. Her ser vi etter spor etter den siste istida, og kan besøkje Jostedaslbreen for å lære korleis breane har forma landskapet. Vi får også lære om korleis vikingane varsla om at fienden var på veg. Utflukter til vakre Lodalen og den verdskjende Briksdalsbreen er mogleg dersom klassen ynskjer det. Last ned forslag til vekeprogram her (pdf) Her finn du kortversjonen av vekeprogrammet |

